Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Eg som står bak er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom meg og lekperson Gry Offernes og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene.
55. Estetikken i norrøn skaldedikting. Intervju med Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og forfattar
Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne
skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenner frå mange munnlege kulturar. Bergsveinn Birgisson har doktorgrad på desse temaa.
Innspela i HVLs Medielab 19. oktober 2023.
1/28/2024 • 1 hour, 31 minutes, 17 seconds
54. Samisk religion. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen
Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik på
andre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion?
1/14/2024 • 1 hour, 25 minutes, 28 seconds
53. Samlivsråd i vikingtida. Samtale med familiepsykolog Frode Thuen
Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens?
Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, kongesoger, Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson, Njålssoga, Olav Tryggvason, Sigrid Storråde, Slaget ved Svolder
12/29/2023 • 1 hour, 26 minutes, 19 seconds
52. Ståle i Setesdal og Stállu hos samane – greiner av utgammal julebukktradisjon
Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut og går frå hus til hus og gjer spikk og vil ha julemat og drykk. Hos oss no kallar dei fleste dette for å gå julebukk. Men i tradisjonane blir eit slikt følgje òg kalla julesveinar, julegeit og mykje anna. I Setesdal kan leiaren for eit slikt følgje kallast for Ståle. Det ser ut til å vera same ord som samisk Stállu, og i så fall viser det eit urgammalt samband i tradisjonane.
12/17/2023 • 59 minutes, 40 seconds
51. Mosegrodde forteljingar i dag. Samtale med forteljar Heidi Dahlsveen
Kan mosegrodde forteljingar som eventyr og segner ha nokon viktig plass i dagens samfunn? Ja, det er til og med viktig at dei har det.
Men korleis kan dei ha det? Vi spør ein profesjonell forteljar.
Andre stikkord: populærkultur, Hollywood, dataspel / dataspill / gaming, barnehage, barneskule, personleg utvikling, toleranse, kreativitet, fantasi, kunstig intelligens, Oskefisen / Oskeladden / Askeladden, munnleg kultur, forteljetradisjon, folkloristikk.
Innspela i Oslo 14. oktober 2023
12/3/2023 • 1 hour, 32 minutes, 33 seconds
50. Indoeuropeisk religion. Intervju med religionshistorikar Peter Jackson Rova
Dei fleste språk i Europa stammar frå eit indoeuropeisk urspråk som truleg vart snakka på steppene nord for Svartehavet 3-4 tusen før Kristus. Ganske mykje av det urspråket kan vi rekonstruere. Men kva kan vi rekonstruere av religionen eller ideologien til dei som snakka det språket?
Andre stikkord: Vedisk religion, Rigveda, sanskrit, Homer, Illiaden, Odysseen, iransk religion, gammalgresk, Håvamål, steppefolk, Ukraina, Sør-Russland, indoeuropeisk språk, komparativ historisk språkvitskap, rekonstruksjon, Dumézil, Kurgan, jamnakulturen (yamnakulturen), Zevs / Zeus, Ty / Týr, Dievas, Dievs, Perkunas, Fjǫrgyn
/ Fjǫrgyn, hirdskald.
Innspela i Stockholm 29.09.2023.
11/19/2023 • 1 hour, 51 minutes
49. Kunne Danmark gjeninnført heidendomen i 1864? Samtale om åsatru, shinto og Japan 1868 med historikar Mark Teeuwen
På 1800-talet var Japan gjennomgripande buddhistisk. Så vart nasjonen audmjuka av USA i 1868. Då bestemde japanarane seg for å gjeninnføre religionen dei hadde hatt før verdsreligionen kom, i eit patriotisk krafttak – og klarte det, på eit vis. I 1864 opplevde danskane ei liknande nasjonal audmjuking i krigen mot Preussen. Korleis ville Danmark og Norden vore i dag dersom danskane hadde gått same vegen som japanarane?
Tankeeksperimentet med Danmark 1864 mest frå 1:22:20.
Innspela på Blindern 10. oktober 2023.
11/5/2023 • 1 hour, 51 minutes, 16 seconds
48. Førmoderne, folkeleg pedagogikk. Samtale med Jon Bojer Godal, nestor i tradisjonshandverk
I dag er pedagogikk eit kjempestort fag med mange teoriar og retningar og tusenvis av fagstillingar verda over. Men opplæring og kunnskapsoverføring har folk drive med til alle tider. Korleis gjorde folk det på grasrota i førmoderne tid? Kva prinsipp følgde dei? Det skal vi prøve å seia litt om her, ut frå nokre eldgamle handverk som har ubroten tradisjon fram til vår tid. Sentralt stod eit prinsipp om pedagogisk hemmeleghald, i rak motsetnad til dagens idé om læringstrykk.
Innspela ved Sillongen på Toten vinternatt 2023.
10/22/2023 • 1 hour, 45 minutes, 57 seconds
47. Offersjø i jarnalderen og nøkk-tradisjon på 1800-talet - kan det ha samanheng? Samtale med arkeolog Torun Zachrisson
Finst det tilfelle der folketradisjon frå moderne tid formidlar minne om offerstader i førkristen tid? Tja, det finst i alle fall tilfelle der det er rimeleg å tru. Dagens tema er ein innsjø i Uppland der tradisjon om nøkken frå 1800-talet høver slåande med ofring av dyr og menneske i jarnalderen.
Andre stikkord: Bokaren i Uppland, Menneskeoffer, hesteoffer, folketradisjon, Långbacka-Jan, meisterspelmann, hundare, Odin, Frøya, landskapsminne, grense, liminalsone, fossegrimen, näcken, strömkarlen.
10/8/2023 • 1 hour, 31 minutes, 45 seconds
46. Slavic religion. Interview with historian of religion Jiři Dynda
Our knowledge of Slavic pre-Christian religion is quite limited. This episode gives an overview of what we think we do know – and how.
9/24/2023 • 1 hour, 23 minutes, 17 seconds
45. Kva historiesyn hadde Snorre? Samtale med historikar Sverre Bagge
Skal du skrive lesverdig historie, så må du ha ein ide om kva historie er, som strukturerer dei lausrivne dataa du sit med, til meiningsfulle samanhengar. I vår tid kan ein meine at naturgrunnlaget set avgjerande rammer, eller at alt følgjer av økonomi og produksjonssystem, eller av ideologi, eller av viljen og evnene til enkeltpersonar. Kva var den strukturerande ideen til Snorre og dei andre mellomalderhistorikarane?
9/10/2023 • 1 hour, 9 minutes, 46 seconds
44. Menneskeofring. Samtale med religionshistorikar Klas Wikström af Edholm
Var det menneskeofring i førkristen tid i Norden? Det har forskarane diskutert lenge, og mange har meint at det ikkje kan vera sant. Men i ei fersk doktoravhandling svarar religionshistorikaren Klas Wikström af Edholm "ja", basert på gransking av alt tilgjengeleg skriftleg og arkeologisk materiale, og han er det vi snakkar med her. Ei popularisert utgåve av avhandlinga, "Vikingatidens människooffer", kjem 1. september.
Andre stikkord: Norrøn litteratur, Kjalnesinga saga, Jómsvikinga saga, Håvamål 138, Helge Trauste, Orkneyinga saga, Kristni saga, Íslendingabók, Adam av Bremen, kalendariske offer, kongeoffer, våpenofring, blodørn, hlunnrǫð, Øverland: Du må ikke sove, Skedemosse, Uppåkra, Bokaren, Hederviken, krigslykke, Håkon jarl, jomsvikingane, Hjørungavåg, biletstein Stora Hammars, terminologi, kjeldekritikk, forskingshistorie.
Innspela i Stockholm 3. mai 2023.
8/27/2023 • 1 hour, 42 minutes, 26 seconds
43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn?
Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde eit felles dødsrikefjell i det lokale landskapet. Den tradisjonen ser det ut til at vi langt på veg delte med samane. Ein del slike fjell kan vi framleis peike ut på Island og langs den norske vestkysten, ikkje minst i samiske strøk. Den som døydde inn i eit slikt fjell, slo i ein viss forstand lag med huldrefolket, kan det sjå ut til, i alle fall hos samane.
Andre stikkord: Torolv Mostrarskjegg, Moster, Sunnhordland, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, Landnåmabok, Kaldbakshorn, Mælifell, Heilhornet, Torghatten, Lekamøya, samisk religion, sjøsamar, folkloristikk, tuftekallen / tomten / rudkallen, vitterfolket, alvane, gufihtarat, uldat, gadniha, saajve / sáiva, aemiehaajmoe, saaraahkaaajmoe, kjeldediskusjon, metode.
8/13/2023 • 1 hour, 11 minutes, 38 seconds
42. Ragnarok-myten: Nordisk, kristen eller iransk-nordisk? Samtale med religionshistorikar Anders Hultgård
I norrøn mytologi er endetidsmyten blant dei mektigaste. Gudar og jotnar barkar saman, sola sloknar, verda går opp i logar før jorda søkk i havet. Så stig ei ny jord opp og nokre av gudane kjem att til den nye verda. Mange meiner denne myten i stor grad kjem av kristen påverknad. Kva er grunnlaget for det synet, kva er motargumenta, og kva er alternativa? Den som har grave djupast i dette er den svenske religionshistorikaren Anders Hultgård, og han peikar på at gammaliransk mytologi har dei næraste parallellane.
Andre stikkord: Forskingshistorie, kulturkontakt, manikeismen, apokalypse, Voluspå, Johannes openberring, sibyllinske orakel, syklisk tid.
Innspela 28.4.2023 i Uppsala
7/30/2023 • 1 hour, 48 seconds
41. Lågteknologisk navigasjon. Til Vinland og Miklagard utan kart og kompass. Samtale med seglar Lena Lisdotter Börjesson
I vikingtida og mellomalderen segla forfedrane våre til Istanbul og Amerika – utan kart og kompass, for ikkje å snakke om GPS og kartplottar. Korleis fann dei fram, og kva slag modell av landskapet hadde dei i hovudet? Lena Lisdotter Börjesson har gjort mange praktiske forsøk som tyder på at med konsentrasjon og erfaring, så kan ein krysse Atlanteren med rimeleg presisjon utan noko slag navigasjonsinstrument.
Fleire stikkord: Himmelretningar, orienteringssystem, mentalt kart, terminologi, roing, distanseeiningar på land og sjø, vika sjóvar / veke sjøs, rǫst /
rast, sjømil, nautisk mil, solstein / sólarsteinn / leiðarsteinn, solkompass, "solskuggefjøl", tidsrekning, sjudagarsveka,
Innspela 30.6.2023
7/16/2023 • 1 hour, 36 minutes, 51 seconds
40. Stadnamna rundt oss – tidskapslar frå folk før oss. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft
Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200 eller 2000 år sidan. Og namna vi lagar i dag fortel mykje om vår tid og vår kultur. Episoden er ein presentasjon av kva (stad)namn er, grunnleggjande sett, og korleis dei oppstår, korleis dei kan gå tapt og kva namn som lever lengst. Utgangspunktet er namn som uttrykk for korleis mennesket tenkjer, kva vi festar oss ved, kva vi oppfattar som vesentleg. Namn fortel mykje mentalitetshistorie. - Peder Gammeltoft er fagleg leiar av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen.
Andre stikkord: Orienteringspunkt, språkskifte, språkkontakt, sjølvgrodde namn : vedtekne namn / bottom - up : top - down, oppkallingsnamn, vedtekne namn, gatenamn, uoffisielle namn, stadnamn, personnamn, oppkallingsnamn, sanselege namn, kommunegrå namn, namnedød.
Innspela i HVLs Medielab 6.6.2023
7/2/2023 • 1 hour, 33 minutes, 27 seconds
39. Jonsokbål og danseplassar – stader gjenbrukte sidan førhistorisk tid
Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa i gammal tid? Det får du høyre om her – og om at mange av stadene folk har feira jonsok på i moderne tid, ofte har minne om kult og folkeliv frå førkristen tid.
6/21/2023 • 1 hour, 4 minutes, 31 seconds
38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking
Nordmenn reiser mykje - i dag og i vikingtida. Men kva med den mørke mellomalderen? Då vart det vel slutt? Nei, Noreg heldt fram som dominerande skipsfartsnasjon i Nord-Europa, og kristendomen førde med seg stor internasjonal kontakt, m.a. gjennom ein skriftkultur som har gjeve oss dei viktigaste kjeldene til norrøn mytologi. Den skriftkulturen er dagens tema.
Fleire stikkord: Tospråkleg skriftkultur, snakke latin, studere i Paris, internasjonale nettverk, utferdstrong, væringgarden i Miklagard / Konstantinopel / Istanbul, Gamalnorsk homiliebok, preikesamlingar, kristen litteratur, omsett litteratur, fransk litteratur, norrøn litteratur, norrøne handskrifter, tap av handskrifter, reformasjonen, kloster, boktrykkekunsten, Æsops fablar, kongsgarden på Holmen i Bergen, kongskanselliet, Riksarkivet, Nonneseter, Winchester i England, læremiddel.
6/4/2023 • 1 hour, 12 minutes, 23 seconds
37. Kva var opphavet til Loke? Eit forslag
Den seint nedskrivne tradisjonen om Loke kan sjå ut til å ha lite felles med Loke i dei norrøne mytane. Kan dei likevel ha samanheng? Ja, her får du eit
forslag.
5/21/2023 • 1 hour, 47 seconds
36. Det enorme gravfeltet: Hæreid i Hardanger. Samtale med arkeolog Anne Drageset
Det suverent største gravfeltet på Vestlandet ligg i Eidfjord i Haranger. Kvifor akkurat der? Kva tykte folk var så spesielt med den staden? Svaret må liggja i landskap og geografi - resonnerer vi oss fram til, basert på landskapet rundt, ferdslevegane i området, landskapet ikring andre store gravfelt, opplysningar i dei norrøne tekstane, og samiske offerstader. - Innspela på Hæreid 22. april 2023.
5/7/2023 • 1 hour, 11 minutes, 7 seconds
35. Den seine tradisjonen om Loke - lite kjend, fascinerande og utfordrande
Loke er blant gudane vi har flest opplysningar om i dei norrøne tekstane. Men i tillegg finst det ein omfattande, lite kjend tradisjon om han nedskriven etter mellomalderen. Den tradisjonen er dagens tema. Stoffet er komplekst og vanskeleg å få tak på – slik vi kunne vente, når det gjeld Loke. Då må det bli nokre metodevurderingar òg.
4/23/2023 • 1 hour, 8 minutes, 30 seconds
34. Korleis manipulere dvergar? Lynkurs ved filolog Ugnius Vizgirda Mikučionis
I norrøn mytologi er det dvergane som lagar omtrent alle dei underfulle tinga, som bomeranghammaren til Tor og Skipet til Frøy som kan segle i lufta. Men dei vil ikkje selja noko, du må presse eller manipulere dei til å laga åt deg det du vil ha. Kvifor det? Og korleis kan du gjera det? Det får du svar på her.
4/16/2023 • 44 minutes, 6 seconds
33. Våpenet til Tor – blåseinstrument og vindkule?
Alle veit at Tor hadde ein hammar som våpen. Ikkje like mange veit at det var stor variasjon i våpenet hans. Dagens tema er vindvariantar av våpenet. Det kan sjå ut til at Tor kunne sende ut eit vindprosjektil med å blåse i skjegget, som om han blés i eit blåseinstrument, og at han kunne laga lyn og torebrak på den måten. Det kan til og med sjå ut til at han sende ut hugen sin med den vinden.
Episoden bygger på denne artikkelen: https://eldar-heide.net/onewebmedia/PDFer/Kultur-%20og%20religionshistorie/Heide%202004,%20V%C3%A5penet%20til%20Tor%20jamf%C3%B8rt%20med%20gand%28r%29.pdf.
4/9/2023 • 55 minutes, 22 seconds
32. Einar Selvik om gammal kultur, musikk og meining
Einar Selvik gjer global suksess med bandet Wardruna. Kva går det musikalske prosjektet ut på, og kva meining finn han i det?
Stikkord: Djup reserach, fossegrimen, folkemusikk, tidleg musikk, lyre, fidle, bronselur, bukkehorn, naturtoneskala, verdsmusikk, eigen sjanger, runer, suksess.
4/2/2023 • 1 hour, 15 minutes, 18 seconds
31. Kokegroper i arkeologi og filologi. Samtale med arkeolog Marie Ødegaard
I kokegrop, norrønt seyðir, kan ein baka mat med glovarme steinar. Denne tillagingsmåten var i Noreg særleg brukt i romartida og folkevandringstida. På somme stader finst det store felt med kokegroper frå gammal tid. Dette er særleg tingstader, kultstader og andre samlingsstader, og ein teori er at kokegroper særleg vart brukte til rituelle måltid. I denne episoden ser vi på kva arkeologisk materiale, gammalgermanske tekstar og stadnamn kan fortelja om kokegroper. - Innspela i Oslo 17.10.2022.
3/26/2023 • 36 minutes, 7 seconds
30. Samisk magisk fiske på 1100-talet
Dreiv samane med trolldom? Tja, det meinte i alle fall nordmannen som skreiv den eldste Noregs-historia, på 1100-talet. Dagens episode er ein metodestudie, der vi ser på korleis folketradisjon nedskriven i moderne tid kan vera til hjelp i tolking av tekstar frå mellomalderen. Sentrale ingrediensar er tørrfisk,
blodpølse og samisk trolldom. Andre stikkord: Seid / seiðr, gand, skrei / skreið, Historia Norwegie, negativ haldning til samane.
3/19/2023 • 35 minutes, 44 seconds
29. Why are myths so weird? Interview with historian of religion Jan Kozák
Many myths are weird, in Old Norse and other mythologies. Why is that? To answer that question, we first need to answer the question of what mythology is.
Keywords: Old Norse mythology, theories about mythology, poetry, beyond the horizon, mead of poetry, Kvasir, creation of the world, Ymir, the binding of Fenrir, the unconscious, Jung. - Recorded in Prague 25. November 2022.
3/12/2023 • 38 minutes, 12 seconds
28. Fyrste sikre norske kultbygning. Samtale med arkeolog Søren Diinhoff
Hadde folk i førkristen tid eigne kultbygningar, slik vi har kyrkjer frå kristen tid? Det har forskarane diskutert lenge, men no er saka avgjord. Det var eigne kultbygningar, og i Ørsta har ein gjort fyrste sikre funn av ein slik bygning i Noreg. I denne episoden snakkar vi med Søren Diinhoff frå UiB, som leidde utgravinga, om funnet, korleis han kan seia at det er ein kultbygning, tidlegare funn elles i Norden, og om forskingshistoria når det gjeld kultbygningar. Synet på kva det er rimeleg å hevde, har svinga att og farm på fascinerande vis.
Fleire stikkord: Uppåkra, Gudme, Tissø, Lejre, Borg i Lofoten, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, arkeologisk metode, kjeldekritikk, hyperkritikk, tverrfagleg samspel.
3/5/2023 • 45 minutes, 19 seconds
27. Heimdall, nordstjerna og verdspålen. Ein nygammal teori
Heimdall blir gjerne rekna som den gåtefulle av dei norrøne gudane. Det er litt merkeleg, for vi har mange opplysningar om han. Men vi strevar med å få dei til å henge saman og gje meining. Her får du mitt forslag.
Stikkord: Verdspålen, himmelkvelven, Nordstjerna, rammegud, opphavstid, endetid, grensegud, far til alle, samisk mytologi, Raedie, finsk mytologi, sibirsk mytologi, stålampe.
2/26/2023 • 48 minutes, 49 seconds
26. Fantasy-litteratur. Samtale med litteraturvetar Lykke Guanio-Uluru
Fantasy-litteratur gjenbrukar urgamle mytar og eventyr. Kvifor det? Og korleis kan denne litteraturen vera så populær, når livet i dag er fundamentalt annleis enn i den tida mytane og eventyra vart til?
Stikkord: Harry Potter, J. K. Rowling, Tolkien, Ringdrotten, ChatGPT, minnekultur, kollektive forteljingar, dikteprosess, resirkulering, arketypar, Jung, tidleg psykologi, Oskeladden.
2/19/2023 • 38 minutes, 7 seconds
25. Kosmosmodellar under stjernehimmelen
Folk i gammal tid hadde ikkje folk fly og romskip. Men dei kunne observere at vi bur på ei jordskive som himmelen kvelver seg over, roterande rundt eit punkt, nemleg nordstjerna. Korleis tolka folk dette for å få samanheng og meining? I denne episoden går vi gjennom fire kosmosmodellar som folk i nordlege strøk laga seg med å tolke desse observasjonane i lys av ting dei kjende frå dagleglivet.
Stikkord: Stjernehimmelen, naturleg lys, himmelstolpe, verdspåle, kosmisk kvern, kosmisk telt; kosmisk kvelvd kjel, jordskive, rund jord og segling, finsk tradisjon, samisk tradisjon, sibirske tradisjonar, norrøn og nordisk tradisjon.
2/12/2023 • 47 minutes, 25 seconds
24. Herskarideologi. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist
Mange forskarar meiner det var eit sakralt kongedøme i Norden i førkristen tid. Kongane stamma frå gudane, leidde den sentrale kulten og garanterte god avling og velstand i riket. Då var fallhøgda stor, og det ser ut til at kongane i ekstreme tilfelle kunne ofrast. Vi ser nærare bak kjeldene som fortel om dette og teoriane ein har brukt for å forstå dei.
Fleire stikkord: Sakralt kongedøme, uår, arveleg kongedøme, legitimitet, tyranni, allmøte og flat struktur på 70-talet, USAs grunnlov, rett til opprør, evolusjonisme, Frazers "The Golden Bough". Innspela 17.11.2022
2/5/2023 • 46 minutes, 39 seconds
23. Tabuspråk
Tabuord er ord vi helst ikkje skal bruke. I gammal tid kunne ein unngå slike ord for å halde seg inne med makter, eller for å unngå å påkalle makter, eller – for å finte ut makter. Vi har tabuord i dag òg, og nye oppstår, ofte av ideologiske grunnar. Mekanismane er til dels dei same no som før.
Stikkord: Tabu, noa, godnemne, overtru, fiske, haill, banning, nestenbanning, norrøne tabu, ved Jupiter!, Beforeigners, dei underjordiske, alvane, diskriminering, likestilling.
1/30/2023 • 50 minutes, 39 seconds
22. Eddic poems performed as drama? Interview with Terry Gunnell
The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But how were they performed? Were they just sung or recited, or could some of them have been performed as drama? Terry Gunnell believes the answer is "yes" and in this episode he tells us why. Gunnell is professor of folkloristics at the University of Iceland. - Recorded in Prague 25. November 2022.
1/22/2023 • 39 minutes, 11 seconds
21. Kropp og sjel i førkristen tid
Frå kristen tradisjon kjenner vi todelinga i kropp og sjel, altså at mennesket består av ein materiell og ein ikkje-materiell del. Naturvitskapen seier at berre den materielle delen finst. Korleis tenkte folk seg dette i førkristen tid i Norden? Det snakkar vi om i denne episoden, med utgangspunkt i myten om Ask og Embla.
Versjon 2, 16.01.2023
1/15/2023 • 54 minutes, 3 seconds
20. Oseberg- og Gokstad-gravene. Samtale med arkeolog Unn Pedersen
Oseberg- og Gokstad-funna er mest kjende for dei godt bevarte skipa. Men det var òg eit fantastisk rikt gjenstandsinventar og i Oseberg dessutan eit biletteppe som truleg viser m.a. gravprosesjonen. Dermed gjev desse gravfunna eit einståande innblikk i liv og tanke på 800-talet. I denne episoden snakkar eg med arkeolog Unn Pedersen ved Universitetet i Oslo om dette. Kvifor la folk så mykje arbeid i desse gravene? Kva meining skapte det? Korleis fungerte dette i lokalsamfunnet? Kva slag sosial kontrakt kan ha lege bak? Innspela i Oslo 17. oktober 2022.
1/8/2023 • 34 minutes, 49 seconds
19. Loke og Oskeladden - tvillingar, men motsett vinkla
Loke i norrøn mytologi og Oskeladden / Oskefisen i eventyra er svært like. Men historiene om dei har motsett synsvinkel, og derfor oppfattar vi dei to som svært ulike. Korleis heng dette henge saman? Kva funksjon har dei to i sine univers? Og kva er nøkkelen til suksessen deira?
1/1/2023 • 39 minutes, 57 seconds
18. Alvedronninga som reiste heim til jul
Alvane er nemnde mange gonger i dei norrøne kjeldene, ofte i samanheng med æsene (gudane). Men vi får dårleg med opplysningar om dei. Derfor er det ekstra gledeleg å kunne argumentere for at ei alvesegn nedskriven på Island på 1840-talet ganske sikkert eksisterte på 1200-talet òg, og kanskje i førkristen tid. Segna fortel om ei alvedronning som måtte vera hos menneska, men fekk reise heim til sine eigne julenatta og få med seg feiringa der.
12/24/2022 • 29 minutes, 9 seconds
17. På førjulsblot hos ny-heidningar
Åsatru finst som levande religion i Noreg i dag. Trur dei då at det blir torevêr fordi ein kraftkar køyrer med bukkar over himmelen og slår med hammaren sin? Er det mogeleg å blåse liv i ein religion som har vore daud i 1000 år? Eller er det kanskje ikkje det dei prøver på? Slike spørsmål får du svar på i denne samtalen med høvdingen i Åsatrufellesskapet Bifrost, spela inn i samband med førjulsblotet dei nyleg hadde i Trysil. Dei fleste vil truleg bli overraska over korleis folk i dette miljøet ser på seg sjølve og religionsprosjektet sitt. - Innspela 10.12.2022.
12/18/2022 • 35 minutes, 32 seconds
16. Ski og norrøn mytologi - Ull og Skade
I norrøn mytologi er det to som er knytte til skigåing: guden Ull og jotunkvinna eller gudinna Skade. Kva er bakgrunnen for at akkurat dei to er knytte til skigåing? Det snakkar eg med ein skimakar om i denne episoden. Då blir det òg mykje om ski og skikultur generelt i gammal tid. Stikkord: Ski og jakt, jotunkvinne, samlivsproblem, den mest gåtefulle guden, himmelgud, saueull, aking for langt lin, sakrale stadnamn, 7000 år gammalt skifunn, skikultur i Altai, skileik, nasjonsbygging. - Innspela i Valdres 3.12.2022.
12/11/2022 • 45 minutes, 50 seconds
15. Are the Eddic poems really pre-Christian? Interview with Haukur Þorgeirsson
The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But they are only handed down to us in manuscripts from the 13th century or later, two centuries or more after the conversion. What makes us believe that they really are pre-Christian and not, in fact, composed in the High Middle Ages?The research into this has made substantial progress during the latest decades. Haukur Þorgeirsson at Iceland's Árni Magnússon manuscript institute walks us through the criteria that are used.
Recorded in Helsinki 8 August 2022.
12/4/2022 • 40 minutes, 45 seconds
14. Trekantdrama og trolldom i 1324
To gamle dokument fortel om eit trekantdrama med trolldom og rettssak i Fusa ved Bergen i 1324. Kva opplysningar har vi, og korleis kan vi tolke dei? Stikkord: Forbanning, pakt med djevelen, åndeutsendingar, impotens; sverd, brød og erter i senga, fengselsstraff, tvungen pilgrimsreise.
11/27/2022 • 22 minutes, 10 seconds
12. Odin hengde seg i verdstreet, ofra til seg sjølv
I fem strofer i Håvamål fortel Odin korleis han i urtida hengde seg sjølv i verdstreet og såra seg sjølv med spjut, som offer til seg sjølv. Der hong han i ni netter og fekk derfor løyndomsfull innsikt frå jotnane, gjennom runekunst og rusdrykk. Desse strofene er blant dei mest drøfta av alle tema i norrøn religion. Vi går detaljert gjennom dei, kommenterer plasseringa i Håvamål og nemner nokre måtar dei kan tolkast på. Stikkord: Krigsguden Odin, sjølvoffer, Kristus, sibirsk sjamanisme, myrlik / moselik, mystikk / mystisisme, nyreligiøsitet, tortur, rekonstruert norrøn uttale.
11/13/2022 • 24 minutes, 18 seconds
11. Segner.no - ressurs til tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar
Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland har brukt tusenvis av timar på internettbasen segner.no sidan 1990-talet, med utgangspunkt i lærarutdanninga på Stord. Her fortel dei om tanken bak basen: å bygge ein ressurs for tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar. Dei gjev fyldige døme på bruk av materialet i praktiske undervisningsopplegg, ofte samarbeid mellom norsk, samfunnsfag og kroppsøving.
Stikkord: Lokalhistorie, heimkunnskap, bruke kroppen, ekskursjon, storytelling, litteraturhistorie, skriveopplæring, mønsterskriving, dialekt, språkendring, skilnad mellom talemål og skriftspråk, segner og eventyr, dataspel - og tips om eit doktorgradsprosjekt som garantert gjev relevant arbeid etterpå.
Korleis ein finn fram i basen, vart forklart i episoden "Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen" for to veker sidan. Der er det òg smakebitar på segnene i basen.
Innspela på Stord 27. september 2022.
11/6/2022 • 16 minutes, 21 seconds
10. Ære og kjønnsroller - sex, blodhemn og mjølkestell
Vi ser på æressystem i samband med kjønnsroller i vikingtidssamfunnet på Island slik vi møter det særleg i islendingsogene, med sideblikk til lovene vi kjenner frå høgmellomalderen.
Stikkord: Analogi mellom stikket i senga og stikket på slagmarka. Menn i trong og nådelaus kjønnsrolle. Rett til å blodhemn for ymt om homofili. Mann og kone med felles ære. Underordna kvinner med stort armslag som «piskar» mennene til å hemne. Samfunn utan politi og statsmakt. Korleis var det for dei fattige? Kan vi tru på det sogene fortel?
10/30/2022 • 34 minutes, 22 seconds
9. Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen
I dag snakkar eg med Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland med utgangspunkt i internettbasen segner.no, som inneheld 2600 segner frå Vestlandsfylka, søkbare via tema, kart m.m. Bjørn og Nils Tore har bygd opp basen som ein ressurs for skular og barnehagar.
Vi kjem inn på fossegrimen som lærde opp spelemenn og er med i fontena på Ole Bulls plass i Bergen; eit 2,5 liters drikkehorn stole frå dei underjordiske på Stord, med hjelp frå tunvorden (jf. vardøger-episoden); den magiske krafta i matkorn, stål, kyrkjeklokker, visse kjelder og namn; bergtaking, trollet som vart narra til å bygge kyrkje for bygdefolket; segna som forklarer den kjempestore Jut(l)asteinen, som ligg midt i ei bygd på Stord; og meistertjuven Gjest Bårdsen. Andre tema er kva funksjon segner kunne ha før moderne vitskap og mogelege innslag frå førkristen tid i segner nedskrivne i moderne tid.
Innspela på Stord 27. september 2022.
10/23/2022 • 39 minutes, 24 seconds
8. Det mytologiske verdsbiletet – bunde til forteljingar
Innføringsbøker om norrøn mytologi seier gjerne at ein tenkte seg verda som ei skive, med gudane og Åsgard i midten, så menneska og Midgard i ring rundt, så jotnane i Jotunheimane i ring utanom der, og utanfor der att havet og Midgardsormen.
Denne modellen er problematisk. Namnet Utgard er brukt berre éin gong, i ein underleg samanheng, og ser ein breiare i kjeldene, plasserer dei både jotnar, menneske og gudar litt her og der, slett ikkje i det ordna ringmønsteret. Derfor er det forskarar som har meint at det ikkje var noko system.
I denne podkastepisoden presenterer Eldar Heide sitt forslag, som er at det er eit system og ein modell, berre av ein annan type og på eit anna plan. Forslaget inneber at vi tek feil av kor dei mytologiske skapningane bur og _passasjane_ til der dei bur.
10/16/2022 • 38 minutes, 25 seconds
7. Ofringar i myrar og vatn. Samtale med arkeolog Julie Lund
Kvifor la folk i vikingtida dei aller finaste smykka og våpna sine i myrar og vatn? Er gullskattar i myrar og vatn avgløymde «innskot» i gammal tids «bankar», eller er dei rituelle deponeringar? Er det så stor skilnad mellom offer- eller deponeringsskikkane i eldre og yngre jarnalder som ein har meint? Let folk seg manipulere til å leggja verdigjenstandar i myrar og vatn, eller var dette meiningsfulle handlingar for frie menneske? Folk såg tydelegvis på myrar og vatn som grenseflater mot den andre verda, men korleis kan slike idear oppstå? Kva kan mellomaldertekstar og folketradisjonar seia om tankegangen bak slike ting? Samtale med arkeolog Julie Lund, fyrsteamanuensis i arkeologi ved UiO.
Innspela i Oslo 26. september 2022.
10/9/2022 • 44 minutes, 19 seconds
6. Tor - macho, latterleggjort og tvitydig
Tor ser ut til å ha vore den viktigaste guden i sluttfasen av heidendomen. Tor med hammaren, kraftkar og macho, det veit vi. Bondegud og trygg forsvarar av det etablerte samfunnet, guden som nær sagt åleine heldt jotnane i sjakk. Men så vart han latterleggjort? Hm. Og tvitydig? Altså meir komplisert enn vi oppfattar med det same? Ja, slik kan det sjå ut. - På slutten nærare om opphavet til Tor og korleis forskarane har resonnert til ulike tider.
10/2/2022 • 29 minutes, 25 seconds
5. Finnish-Karelian and Old Norse mythology. Interview with Joonas Ahola
In this episode Joonas Ahola presents the central gods / heroes and ritual practices known from Finnish-Karelian mythology and popular traditions, and we discuss differences and similarities with Old Norse mythology. Joonas is a Finnish folklorist and Old Norse scholar at the University of Helsinki.
Recorded in Helsinki 8 August 2022.
9/25/2022 • 37 minutes, 15 seconds
4. Vardøger - tanken din som varsel og drone
Eg skisserer ein flik av komplekset ikring vardøger og hug. Det dreiar seg om at vi har ei følgjeånd attmed oss, som ein variant av oss sjølve, som vi ufrivillig sender i veg til andre når vi tenkjer på dei og som dei kan merke fysisk når det skjer. Dette kan fungere som varsel, og rituelle spesialistar kan sende denne følgjeånda i veg medvete, for å skaffe opplysningar eller ressursar.
Framstillinga bygger på doktoravhandlinga mi frå 2006, Gand, seid og åndevind
9/17/2022 • 18 minutes, 26 seconds
3. Var dei norrøne gudane på stjernehimmelen? Intervju med Gísli Sigurðsson
Slår ein opp i innføringsbøker i norrøn mytologi, så står det lite eller ingen ting om at gudane eller mytologiske strukturar kan ha samanheng med stjernehimmelen. Dersom dette stemmer, så er det overraskande, for ser ein på etniske religionar kringom i verda, er normalen at himmel-lekamane har ei viktig rolle. I dette intervjuet fortel Gísli Sigurðsson ved det islandske Árni Magnússon-instituttet om kva han er komen fram til om gudane og stjernehimmelen. Det er ein god del gode og uavhengige argument som knyter også dei norrøne gudane til stjernehimmelen. Mellom desse er truene om ulvane som jagar sola over himmelen; det har bakgrunn i eit atmosfærinsk fenomen, og vi er innom eit mogeleg samband mellom Guden Heimdall og Nordstjerna - som blir hovudtema i ein seinare podkast. Intervjuet er gjort 9. august 2022 på The International Saga Conference i Helsingfors / Tallinn.
Innspela i Helsingfors 9. august 2022.
9/4/2022 • 22 minutes, 48 seconds
2. Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj
I denne episoden pratar Eldar med Gry om det som ser ut til å vera kjernetanken i norrøn religion, basert på forsking av Preben Meulengracht Sørensen, Gro Steinsland, Else Mundal, Margaret Clunies Ross og Jens Peter Schjødt frå 1970-talet til 1990-talet.
9/4/2022 • 17 minutes, 35 seconds
1. Velkomen til Tru og meining i gammal tid!
Vi presenterer oss og skisserer ideane bak podkasten og ein del om innhaldet.